I dagens samfunn er det mykje diskusjon om sidemålet skal fjernast. Spesielt i Oslo-områda er det begynt å bli valfritt om ein skal ha nynorsk eller ikkje. Er dette riktig ?
Eg skriv sjølv nynorsk, og er veldig opptatt av at eg skal fortsette med det. Nynorsk er ei målform som kan vere vanskeleg for folk å forstå, og mange vel den bort fordi bokmål er lettare. Dette blir heilt feil meinar eg. Ein har ikkje noko vondt av å lære seg den andre målforma. Erfaring rikare heiter det. Ein vel ofte andre språk i skulegongen. T.d. fransk, spansk eller tysk. Så kvifor skal ein ikkje lære den andre målforma som vi har i Norge?
Vi skal vere stolte over å ha to målformer å velje mylla, og det er viktig at vi lærer oss begge. Eg meiner det blir feil at folk kan velje bort den eine, berre fordi den er litt vansklegare å lære. Eit anna språk har heilt andre ord, gramatikk og tonefall, og er dermed mykje vansklegare å lære enn ei målform som er ganske lik den vi har frå før.
Dersom vi kan begge målformene, har vi lettare for å forstå andre, og bli forstått. Komunikasjonen blir derfor lettare.
Eg er for at vi skal lære begge målformene, og bruke dei!
Flott! Dette er en kjempefin blogg. For en god idé å skrive blogg i norsken! Jeg gleder meg til å følge den videre.
SvarSlett