mandag 12. september 2011

Nynorsk er best!

Det er mykje diskusjon om kva som er best av nynorsk og bokmål. Vi er alle forskjellige å har ulike meiningar om dette.

Eg brukar nynorsk, å likar det best. Det er ei målform som blir brukt mindre og mindre, og den er derfor ekstra viktig å ta vare på, å bruke.

Dei fleste brukar bokmål, å det blir derfor ikkje noko spesielt når ein ser ein person som skriv det. Det har tatt over språket, rett og slett. Dei brukar det i tv, radio, aviser, bøker osv. Det virkar som om folk har gløymt at vi har ei målform til. Nemlig nynorsk.

Dersom ein tenker på dei to målformene, å prøver å skrive ned ei liste med ting som dukkar opp i hovudet når ein hører dei to orda, bokmål og nynorsk, er det ganske stor forskjel. I alle fall på mi liste. Her er nokre ting eg tenker på:

Nynorsk:
-Brunost, bunad, ostehøvel, fjell, fjord, sjø, natur, ball, kjøttkaker og sunnmøre.

Bokmål:
-Oslo, bråk, eksos, bilar, kaos, stressa folk i dress med koffert, foretningsavtalar, politikk.

Som ein lett kan sjå, forbind eg nynorsk med noko som er veldig norsk. Mens med bokmål, tenkjer eg på Oslo, å mykje kaos.

Mange meinar at nynorsk skal bli valfritt for elevar med bokmål som hovudmål, og omvent. Men eg synst at vi har godt av å lære begge deler. Lære oss forskjellane på dei to målformene, å deretter velje utifrå det vi synst passar best til oss sjølve. Men, som sagt tidlegare; nynorsk er best! Det er norsk, og ekte!

2 kommentarer:

  1. Du vinner Nynorsk prisen for AWESOME nynorsk promotering og whatnot! Go U!
    ... men ekje heilt sikker kem du e i klassa sida du ikkje he bilde da! >:D xP

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett