onsdag 7. desember 2011

Skjønnlitterært program

Eg valde eventyra om Tornerose og Askepott fordi det er to eventyr som eg likte veldig godt når eg var liten.
Dei er også ganske like, så likhetstrekka er enkle å finne. Det fins mange ulike versonar av dei to eventyra. Men dei to versonane som eg har valgt, fant eg i ei eventyrbok som eg hadde når eg var liten. Dei er skreve på ein enkel måte, som gjer at det er lett for barn å forstå. I boka er det også store bilder på kvar side, som forklarar kva som skjer i eventyret.

Ein finn ganske mange likheiter og samanhengar mellom dei to eventyra. Dei startar begge med: det var ein gang. Dei har begge ein god fé som gjer gode gjerningar. Tornerose er født prinsesse, mens askepott blir prinsesse.
Begge eventyra har ei dramatisk hending. Tornerose stikk seg på ein rokk, og søv i hundre år, mens askepott må frømme frå slottet når klokka slår 12, for då går magien ut, og alle vil sjå kven ho eigentleg er. I eventyra er begge på eit slott. Magi er også med. Tornerose får magiske gåver frå fe'ane, og askepott blir forvandla til ei prinsesse med ballkjole og får fare på ball. Prinsen er også med i begge eventyra. Tornerose sin trolldom blir oppheven når prinsen kjem å kyssar ho, mens askepott får prinsen når glasskoen passar foten hennar.
Eventyret endar også med at dei lev lykkeleg i alle sine dagar.




mandag 31. oktober 2011

''Det er typisk norsk å være god.''

I 1992 sa Gro Harlem Brundtland i nyttårstalen sin at ''Det er typisk norsk å være god''. Dette har blitt eit berømt sitat i ettertid, som har blitt, og blir brukt i mange samanhengar. Spesielt når det gjeld det sportslege. I dei Olympiske leikane som blei halde på Lillehammer i 1994, sa ho det igjen. Og nordmenn landet over kjende seg stolte over landet sitt. 

Vi har mange ting i Noreg som vi kjenner oss stolte over. Naturen vår er heilt eineståande. Det er det ikkje berre vi som synest. Turistar kjem på ferie til Noreg året rundt, for å sjå dei flotte fjordane og fjella vår. Dei fleste bli veldig imponerte og tek mykje bileter av alt mogleg for å vise til vener og familie i heimlandet.
Oljen er vi kjendt for, og på grunn av den er Noreg eit rikt land. Vi har rett på sjukehusplass dersom vi blir sjuke, trygd dersom vi ikkje kan jobbe pga. skader eller sjukdom, barnetrygd dersom vi har barn og pansjon når vi blir gamle. Det er eit godt land, med gode ordningar. Vi betalar skattar og avgifter. Og sjølv om vi klager over det, så er det til det beste for oss.
Skia er vår bestevenn. Ja, vi er faktisk fødde med ski på beina, heitest det. Sjølv om ikkje alle kjenner seg att i dette, så er det typisk for Noreg. Vi tar gull på gull i OL, og det viser til sitaten til Gro; ''Det er typisk norsk å være god''.


tirsdag 18. oktober 2011

Jeppa paa Bjerget

Jeppe paa Bjerget er ei komedie. Kva slags kjenneteikn har filmen som kan knyttast ti den klassiske komedia?
-Det er ei litt dramatisk historie, som for det meste er morosam. Historia framstiller ofte feila til ein person, som andre synst er morosamt å underhaldande. Komedie kan delast inn i to ulike hovudgreiner. I den eine greina, finn vi ordspel og grov humor, mens den andre greina er meir situasjonbasert og framstiller det morosame med forveksling, rollebytting og forvirring. Jeppe paa Bjerget har mest likheiter med den siste greina.

Kva budskap trur du Holber har ønske om å formidle gjennom teksta ?
-Eg trur at budskapet er at når ein fyrst får smaken på rikdom, blir ein litt ''ovenpå''. Jeppe var ein fattig mann, som brukte alle pengar han fekk i hendene på alkohol. Dette fordi kona hans var så grusom mot han. ''De sier at Jeppe drikker, men ikke hvorfor han drikker'' seier han i filmen. Han drikk seg full, og blir funnen av kongen og hans hoff. Dei finn ut at dei skal lure han, med at dei skal kle han om som konge å leggje han i senga på slottet. Når han våknar, vill han bli forvirra, og heile slottet vil få seg ein god latter. Det går som planlagt, og dei kosar seg med spøken. Jeppe frå smaken på rikdommen, og når han igjen drikk seg full og sovnar, legg dei han tilbake der dei fann han. Han får 4 riksdalar med kongen, og han oppfører seg som ein storkar blandt vennene sine.


Kjelder: Wikipedia.no

tirsdag 20. september 2011

Sidemål i skulen.

I dagens samfunn er det mykje diskusjon om sidemålet skal fjernast. Spesielt i Oslo-områda er det begynt å bli valfritt om ein skal ha nynorsk eller ikkje. Er dette riktig ?

Eg skriv sjølv nynorsk, og er veldig opptatt av at eg skal fortsette med det. Nynorsk er ei målform som kan vere vanskeleg for folk å forstå, og mange vel den bort fordi bokmål er lettare. Dette blir heilt feil meinar eg. Ein har ikkje noko vondt av å lære seg den andre målforma. Erfaring rikare heiter det. Ein vel ofte andre språk i skulegongen. T.d. fransk, spansk eller tysk. Så kvifor skal ein ikkje lære den andre målforma som vi har i Norge?

Vi skal vere stolte over å ha to målformer å velje mylla, og det er viktig at vi lærer oss begge. Eg meiner det blir feil at folk kan velje bort den eine, berre fordi den er litt vansklegare å lære.  Eit anna språk har heilt andre ord, gramatikk og tonefall, og er dermed mykje vansklegare å lære enn ei målform som er ganske lik den vi har frå før.

Dersom vi kan begge målformene, har vi lettare for å forstå andre, og bli forstått. Komunikasjonen blir derfor lettare.

Eg er for at vi skal lære begge målformene, og bruke dei!

torsdag 15. september 2011

Ivar Aasen - Om vort Skriftsprog.

Oppgåver s. 119.

1. Peik på dei viktigaste grunnane til at Ivar Aasen meiner at Noreg bør få eit nytt norsk skriftspåk.
-Ivar Aasen meiner at sida vi hadde blitt sjølvstendige frå Danmark, og vi no var vårt eige land, måtte vi ha vårt eige skriftspråk også. Vi måtte ha noko som kjenne teikna oss, og ikkje Danmark. Noko vi kunne vere stolt av.

2. Korleis ser han på det svenske språket samanlikna med norsk og dansk?
-Han meinte at sidan Sverige hadde sitt eige språk, var dei lykklege. Han meinte at vi måtte ha vårt eige språk, så vi også kunne bli det. Han meinte også at dersom vi ikkje skulle ha vårt eige språk, hadde det våre meir naturleg å ha det svenske språket, sidan det var det nærmaste landet. Vi grensa jo tross alt til kvarandre

3. Kva siktar Aasen til med orda ''denne kostelige Skat fra fortiden'' i del 2?
-Han siktar til dialektene våra, og det språke vi hadde før vi kom under Danmark. Dette språket hadde vi fått frå våre forfedre, som ei heilag arv, og det var dumt at vi skulle kaste vekk dette, ved å snakke dansk.

4. Kva er, ifølge Aasen, grunnen til at vi i Noreg har mista ''vort Fædrenesprog'' (del 2)?
-Grunnen var at det danske språket var det språken som ''herska'' i Noreg. Det er det språket som blei brukt i t.d. viktige skrifter. Undomen blei opplært til å forakte det norske språket. Dermed forsvant det nesten.

5. Aasen seier at det mest naturlege er at språk utviklar seg naturleg over tid. Men han meiner likevel at det i den aktuelle situasjonen er forsvarleg å konstruere eit nytt norsk skriftspråk. Korleis meiner han at ein bør få fram (del 4) ?-Han meinte at dersom ein ville ha eit norsk språk, måtte ein ta litt og litt om gongen. Denne endringa kom til å skje over århundre. Aasen var sikker på at det norske språkt forsatt var brukt i mange heimar, og at det var mange som brukte det. Og sidan Noreg no var eit fritt land, burde dei også ha sitt eige språk.

6. Kva går forslaget til Ivar Aasen i hovudsak ut på (del 5)? Kva vart resultatet ?-At ein skulle samle mange av dei dialektene som var rundt omkring i landet, lage ordforklaringar og grammatiske opplysningar. Desse opplysningane skulle sendast inn til eit selskap, som skulle gjere ei samanlikning og gjere eit val. Folk skulle sjølv få bestemme kva slags språk dei ville bruke.
Resultatet blei eit norsk språk med to målformer. Nynorsk og Bokmål, og ein kan den dag i dag, sjølv velje kva slags målform ein vil bruke.

mandag 12. september 2011

Nynorsk er best!

Det er mykje diskusjon om kva som er best av nynorsk og bokmål. Vi er alle forskjellige å har ulike meiningar om dette.

Eg brukar nynorsk, å likar det best. Det er ei målform som blir brukt mindre og mindre, og den er derfor ekstra viktig å ta vare på, å bruke.

Dei fleste brukar bokmål, å det blir derfor ikkje noko spesielt når ein ser ein person som skriv det. Det har tatt over språket, rett og slett. Dei brukar det i tv, radio, aviser, bøker osv. Det virkar som om folk har gløymt at vi har ei målform til. Nemlig nynorsk.

Dersom ein tenker på dei to målformene, å prøver å skrive ned ei liste med ting som dukkar opp i hovudet når ein hører dei to orda, bokmål og nynorsk, er det ganske stor forskjel. I alle fall på mi liste. Her er nokre ting eg tenker på:

Nynorsk:
-Brunost, bunad, ostehøvel, fjell, fjord, sjø, natur, ball, kjøttkaker og sunnmøre.

Bokmål:
-Oslo, bråk, eksos, bilar, kaos, stressa folk i dress med koffert, foretningsavtalar, politikk.

Som ein lett kan sjå, forbind eg nynorsk med noko som er veldig norsk. Mens med bokmål, tenkjer eg på Oslo, å mykje kaos.

Mange meinar at nynorsk skal bli valfritt for elevar med bokmål som hovudmål, og omvent. Men eg synst at vi har godt av å lære begge deler. Lære oss forskjellane på dei to målformene, å deretter velje utifrå det vi synst passar best til oss sjølve. Men, som sagt tidlegare; nynorsk er best! Det er norsk, og ekte!

Hurraaa! Blogging i norsk!

:)