tirsdag 1. mai 2012

Twitter-novelle.

''Å vakne med tre jenter i senga. Å vakne med kone, dotter (3) og endå ei dotter (1). Å vakne med dei som ein elskar. Aprilmorgon. Aprillykke.''

Eg likte veldig godt denne Twitter-novella. Den første setninga gir oss eit inntrykk av at det kanskje handlar om ein rebell. Men når vi les vidare, finn vi ut at det er ein familiefar som elskar livet sitt, å dei som høyrer han til. Alle 3 jentene i senga.

Raud. Symboliserar kjærleik. Fargen som gjer oss glad og varm. Den gir oss sommarfuglar i magen. Kjærleik.

tirsdag 6. mars 2012

Hodejegerne

Hodejegerne var ein av dei betre norske filmane eg har sett. Filmen er fylt med action og dramatikk, og er veldig spanande. Passar til dei fleste over 15 år.

Roger er ein mann som har alt. Han er landets beste hodegjenger, er gift med den flotte Diana og bur i ein stor, flott og dyr villa. For å klare seg økonomisk, må han i tillegg stjele verdifull kunst. Han planlegger sitt siste kupp, nemlig å stjele eit verdifult maleri frå den perfekte kandidaten til eit rekrutteringsoppdrag, Claes Greve. Då han bryt seg inn hos Greve, blir heile livet hans snudd på hovudet, og han må rømme. Greve er på jakt etter han, og ein oppdagar snart at det ikkje berre er Roger som spelar eit spel.

For det fyrste er det ein norsk film, som er kjempebra. Det er noko som mange har savna. Mange har prøvd seg på å lage dei, men ingen har heilt fått det til. Her har vi eit supert døme på at det faktisk går and. Filmen har fått terningkast 5 frå ein hau med aviser. For det andre, er dei ei historie som får ei virkeleg brå vending iløpet av filmen, så spenninga er på topp heile tida. Skodespelarane sine passar til rollene, og spelar dei veldig bra.

Det er brukt veldig mykje mørkt lys iløpet av filmen. Dette er brukt for å vise at det er handlingar som ikkje bør komme fram i lyset. Altså, ulovlege handlingar. Det er også brukt for at tilskodarane skal få ein maks spenningsopplevelse.